Få stader finn du så mykje vakker Norges-natur samla som i Suldal. Og dei fire årstidene gir meir spennende og varierte ferie-opplevingar enn dei fleste stadane. Me ynskjer velkommen hele året - når du treng å ta fri. Våre aktiviteter dekkjer mellom anna sommar og vintersport, jakt og fiske.
Fiske i Suldalslågen
Me er stolte over vår særeigne Salmo-Suldal stamme som høyrer
til dei beste i verda. Laksen går ut i havet som tre-åring, og
fleir-talet kjem attende som fem-seksåring. Fiske-journalane
våre fortel om fleire sesongar med eit gjennomsnitt på over ti
kilo. Laksestamma er kjend for sin hurtige tilvokst i havet.
Rekorden for sportsfiskarfanga Suldalslaks er på 34 kg. I Suldal
fiskar ein ikkje i kø. Det er avgrensa antal stenger på kvart
strekkje, noko som aukar sjansen din til å lure storlaksen. Sjøaurestamma i Suldalslågen er i framgang.
Gjennomsnittsvekta er nå på 1,4 kg og det er ikkje uvanleg å
fanga aure opp mot 4 kg.
Familieferie.
Mo Laksegard er sjølve feriedraumen for store og små, i
gardsmiljø med nær kontakt til dyr og natur.
Kurs, møter, konferansar,
"teambuilding"
For mindre grupper skreddarsyr me opphald
som gir dei beste forhold i kursrommet,for ein spanande
uteaktivitet så vel som for det sosiale samvær.
Informasjon om aktiviteter: