Me kan tilby laksefiske på ulike strekkje i den 22 km lange lakseførande del av Suldalslågen. Det er fiskestrekkje av einkvar art, særleg vil me framheva strekningane me har prioritert for flugefiske. Såleis kan dei som likar å svinge flugestanga finna det rette miljøet. Suldalslågen er den mest vassrike elva på vestlandet, med ein gjennomsnittleg vassføring på 62 m3/s. Fiske for sesongen 1997 er ennå ikkje avklara, men vil truleg vara frå 15. juli til 15. september. Det kan verta forbod mot fiske med makk, og pålegg om gjenutsetting av laks mellom 85 og 120 cm.
Beskrivelse av soner:
Bestilling og meir
informasjon.....